Indian Rally 2026 – Sveits

Litt stopp på veien for å få med litt opplevelsar . Nydelig borg i Erftstadt i Tyskland.

Frå Ågotnes gjennom 10 land.

Det begynte med ein fullpakka bil, eit gamalt telt og planar om MC-eventyr. Det enda med bursdagsfeiring, nye og gamle vennskap, fjellpass, nydelig landskap, opplevelsar for livet og ubeskrivelige minner i fleng – og spørsmålet om korleis i all verda vi skulle få tre motorsyklar med oss heim.


14. juli var det endeleg klart for avreise. På formiddagen forlot vi Ågotnes med bilen full av telt, campingutstyr, en Indian Chief, 1947 og ein Indian 741, 1941 ( Med nybygd motor av Grevbo Engineering, som eg knapt hadde prøvekøyrt ) og massevis av forventningar. Første stopp var Bergen og båten til Hirtshals. Vi følte oss SUPERKLARE!!!


Første natt med camping
Vi kom til Hirtshals klokka åtte neste morgon og hadde god tid. Bror min var tilfeldigvis på jobboppdrag i nærheten, så vi fekk oss ein hyggeleg kaffipause før turen gjekk vidare sørover.
I Flensburg skulle vi berre ha litt grensehandel før vi slo leir på Ostseecamp Glücksburg-Holnis. Så kom den første testen. Lavoen vår hadde ikkje vore i bruk på 15–20 år. Korleis skulle den slåast opp, var teltet heilt, korleis skulle det slåast opp… Spennande
Det gikk som en drøm. Teltet kom opp etter 15 min. Med 26 varmegrader, nydeleg strand, restaurantmiddag og litt vin var det vanskeleg å vere spesielt misfornøgd. Første campingkveld enda med Mimosa, hekling ( for meg i alle fall), godt humør og Yatzy.
Yatzy skulle etter kvart vise seg å bli ein fast deltakar på turen. Å vinnaren blei……


Kven eig eigentleg madrassa?
Etter første natt oppdaga vi også ei anna utfordring med campinglivet.
Kjetil hadde tydelegvis fått inntrykk av at han eigde heile madrassa, så der blei det kamp 😊
Neste dag etter nysteikte rundstykke, kaffi og ein god dusj var vi klare og satte kursen sørover.
På veien måtte vi fylle diesel. Då fekk vi dagens sjokk: rundt 34 norske kroner literen. Det blei ein kort stopp og ei påminning om at ein bør sjå litt på prisskiltet før ein svingar inn.
I Sonsbeck fann vi Campingpark Kerstgenshof. Teltet kom opp på rekordtid, og vi kunne belønne innsatsen med ein god middag – og sjølvsagt Yatzy. Å vinnaren var…igjen…MEG


Ein campingbutikk på størrelse med eit lite land
Neste dag hadde vi eit viktig oppdrag: teltpluggar. Vi hadde fått tips om Obelink rett over grensa i Nederland. «Campingbutikk» er eigentleg eit altfor lite ord. Butikken var enorm.
Så var det tilbake til campingplassen, der den nye reisegrillen skulle testast. Den bestod prøven med glans. Her blei vi i to døgn å storkosa oss.


Velkomen til Duisburg.
Dag fem sette vi kursen mot Duisburg, der Matthias og Claudia tok imot oss. Var ingen tvil om at vi var komt til rett plass. Dørklinka var erstatta med hornet til ein Indian. Knalltøfft !!!! Huset deira var litt utenom det vanlige. Samlinga gjennom nesten 20 år gjorde at ein nesten kunne kalle det museum. Om kvelden kom resten av gjengen: Jørgen, Catarina, Jim, Lyndel, Dennis, Kanjana. Endeleg var vi samla.
Det blei mat, historier og latter – og eit svært hyggeleg gjensyn.
Neste dag tok vi ein skikkeleg runde i Landschaftspark Duisburg-Nord. Eit gammalt industriområde er kanskje ikkje det første ein tenkjer på som turistmål, men området var enormt og fascinerande. Heldigvis venta lokal mat og noko kaldt i glaset etterpå.


Endeleg MC!
Dag sju var dagen vi hadde venta på.
No skulle motorsyklane fram. Etter frukost blei det ein liten tur til Louis MC-butikk. Planen var sjølvsagt berre å sjå litt. Vi kom ut med jakker, hanskar, briller og diverse andre heilt nødvendige ting som vi ikkje visste at vi trong før vi gjekk inn. Så var vi klare. AA, Dennis, Claudia, Matthias, Lyndel og eg sette oss på syklane. Damene var i overtall. 😊
Kjetil hadde sin eigen sykkel ståande i bilen og køyrde Transitten. Jørgen, Catarina og Jim ( Som ikkje var heilt i form) køyrde i andre bilen med hengar. For ein tur! Småvegar, svingar, flott landskap og godt selskap. Rundt 160 kilometer seinare kom vi fram til hotellet.
Hotellet var fantastisk – og heilt tomt. Hotellet var stengt, men Matthias hadde fått nøkkel, så vi hadde plassen heilt for oss sjølv

Bursdag på to hjul
Neste morgon vakna eg til: «Njøsa har bursdag!»
Kjetil kom med kaffi på senga, og ute venta ein ny dag på motorsykkel.
Det blei rundt 210 kilometer på svingete vegar og gjennom eit landskap som nesten var laga for MC. Både eg og sykkelen blei meir og meir komfortable etter kvart.
At bursdagen skulle feirast akkurat slik, kunne knapt vore betre.
Verdas beste bursdag? Der og då var svaret ganske enkelt et RUNGANDE JAAAA!!!


Ny drømmedag
Vi pakka sammen og kom oss av garde, alle med store smil
Planen var å unngå Autobahn og bruke god tid. Køyrde masse småvegar, variert landskap og vegar skapte for motorsykkel.
Kartlesing og det å stole på GPS, kan av og til bli litt spennande. Blei litt ekstra turar innom byggefelt og rundtomkring, men sånn fikk vi jo sjå meir enn planlagt 😊


Rallystemning og teltliv
Etter ein rolegare dag gjekk turen vidare mot Sveits og International Rally.
Då vi kryssa grensa, skjøna vi fort at vi nærma oss. Motorsyklar overalt.
Ved innsjekking viste det seg at ikkje alt var på plass enda. Kjetil, som kom med bil, kunne køyre rett inn. Vi andre måtte ned ein bratt grusveg med laust underlag.
Claudia fekk problem med å halde sykkelen og velta. Ingen alvorleg skade –heldigvis.
Jørgen,Catarina, Dennis, AA, Jim og Lyndel hadde bestilt hotell, så dei forlot oss på treffplassen, men kom tilbake etter kvart. Så begynte prosjekt «bygge hus».
Telt, utstyr og alt som høyrer med skulle opp igjen. Vi fann plass saman med Vigdis og Ole Martin, og etter kvart var leiren klar. Av norske deltagara på treffet, var det berre Kjetil og meg, Ole Martin og Vigdis. Det blei ein fantastisk kveld framfor teltet. Gamle kjende dukka opp, nye menneske kom til, og historiene blei betre og betre utover kvelden.
Treffplassen låg i ein gryteforma dal forma som eit amfiteater. Steikande varmt på dagtid, men når sola forsvant, blei det svalt. Perfekt teltvêr!!


Frokost
Neste morgon starta dagen slik gode campingdagar skal: Med kaffi. Frokosten tok vi sammen med Claudia og Matthias før vi var klare for dagen.
Alt var nok ikkje heilt på plass når vi kom på torsdagen. Dei hadde ikkje rekna med at så mange kom så tidlig, så var litt startproblemer. Det var litt for lite middag under treffet, der dei gikk tom for diverse. Samme med frokostane. Før alle hadde forsynt seg, var mykje tomt, Men det vi fikk, var godt. I alle fall for vår smak. Toalett fasilitetane var gode rundt mat/felles teltet. Dusjfasilitetane var kanskje ikkje heilt på plass. Var berre ei brakke med 6 dusjar, der einaste dusjtida for damene var kl. 08.00 til 10.00. Her burde det nok vore i alle fall to brakke med dusjar,,,, minst. Fredag morgon fikk vi en ny oppvåkning. Tradisjonen tru fra området blei vi vekka av lyden til to alpehorn med ljomande lyd. Dette gjentok seg så klart lørdagen også. Flott
Av norske deltagara på treffet, var det berre Kjetil og meg, Ole Martin og Vigdis. Så Kjetil var den som møtte opp som representant for Norge på president møtet.


Usikker på kor mange vi var på treffet. Høyrde snakk om litt over 400 stk. Veit heller ikkje kor mange forskjellige nasjonar som var samla. Dagane gikk som dei pleier på slike treff. Mange kjekke runder for å sjå på sykklane, treffe gamle kjente og møte nye. Vennsakap blei starta å mange minner blei laga. Erfaring blei delt å fantastisk mykje latter. Kjempehyggelige dagar.
Ride Out hoppa vi over denne gangen, men høyrde det var en fin tur.
Premieutdelinga blei dessverre litt dårlig sidan dei ikkje hadde mikrofon. Derfor høyrde vi nesten ingen ting av det som blei sagt og mista derfor mykje info. Men vi fikk med oss ei av utdelinga. Ole Martin fikk premien som beste «Chicken». Med god grunn. Han stilte med sin berømte gule Chief i kylling-drakt under leikane. Til stor latter og applaus.
Konklusjon…Om ikkje alt gikk 100 % på treffet, så hadde vi fantastisk kjekke dagar i lag med flotte folk. Minner blei skapt for livet.

Så var Indiantreffet over
Campen måtte pakkast ned for å starte på den ultimate turen.
Når alt var pakka, samlast alle som skulle vere med på neste tur og køyrde til Langmatt, en times tid fra treffet. Der fikk vi parkere bilane trygt menst vi var på tur. Her blei syklane og følgebilen pakka for neste eventyr.


Ny tur og nye folk:
From Alps to Sea blei navnet på turen som Bernhard fra Østerrike organiserte. Han har virkelig lagt mykje energi i organiseringa. Hotell skulle forbestillast, Reiserute planleggast, måltid på plass…..MYKJE ARBEID som har tatt utrulig mykje tid.
Dei som var med: Bernhard og Babsi fra Østerriket, Jørgen fra Sverige , Jim og Lyndel fra Australia, Dennis og AA ( Kanjana) fra USA, Kjetil og meg fra Norge, Jimmy, Fred Terry, Susan ( Køyrde følgebil) fra USA. Det tok litt lenger tid enn planlagt før alle var klare, så vi kom litt seint avgårde. Men du å du for eit eventyr å køyre gjennom Sveitz. Eit vakkert land. ( berre synd det er så dyrt) med spennande mc veier. Som resultat av litt sein avgang, ankom vi første hotellet seint på kveld. Litt slitne var vi nok, men humøret var på topp. Etter litt mat og ei god natts søvn, var energien tilbake neste morgon. Å for ei utsikt vi våkne opp til, med Zermatt i bakgrunnen.


Vi fikk beskjed om å kle oss godt til dagens første etappe. Var snakk om at det kunne bli kaldt, ned i 2 grader. Vi køyrde først over Grimsel passet, deretter over Furka Passet å stoppa ved Hotell Belvedere der filmen Goldfinger med James Bond blei spelt inn. Deretter gikk turen over Gotthardt passet. For å seie det sånn. Det var det laaaangt over 2 grader. Nærmere 20 grader å fantastisk veir. Eventyrlig. På veien opp og ned, eller egentlig kvar dag, burde det nesten blitt tatt opp lyd inne i hjelmen min. Det var magisk stemning med hjertesukk nesten heile veien. Tenk å få oppleve å få vere med på dette. AMASING!!!


Når vi var i Duisburg, vart det handla Intercom. Kjetil, Jørgen og meg var kobla sammen. Jørgen gikk stadig amokk å sang alt fra salmar til svenske drikkeviser. Snakk om underholdnig. Vi lo så tårene trilla. Intercomen var også eit fantastisk hjelpemiddel når vi kom litt fra kvarandre. Då kunne vi vidareformidle rettning i kryss framover.
Smale veier, svingete, ubeskrivelig utsikt, flotte folk, sykkel som gikk som ei klokke, opplevelsar i fleng, ny utsikt rundt kvar ein sving… Dette blei egentlig gjenklangen kvar einaste dag.

Italia:


Etter som dagen gikk, kryssa vi grensa til Italia og varmen eksploderte.Turen gikk vidare til Alba gjennom Italienske små byar og flott landskap. Det blei en varm dag, med godt over 35 grader. På vei inn til Alba og hotellet, mista vi kvarandre, så det blei litt kaos før alle atter var samla. Var en sliten, varm men likevel blid gjeng når vi endelig hadde parkere syklane.
Her hadde vi to overnattingar der vi fikk slappe litt av og utforska byen. Etter mange dagar på tur, var det en kjærkommen fridag. Alba viste seg å vere en nydelig plass. Å snakk om flott overnatting med masse iItaliensk sjarm. Gode dagar.


Etter to døgn var vi klare for ny dag på sykkelen. Varmen slo mot oss når vi stod opp, så dette blei en ny dag med høg varme. Her var det viktig å passe på å få i seg nok vatten.
Neste overnetting var i Parma der vi på veien fikk en ny dag med flotte veier og fine opplevelsar vidare i Italia, men vi var nok enige om at det var litt i varmaste laget for å køyre sykkel. Men, var vi på tur, så måtte vi tåle varmen. Parma fikk vi nok ikkje utforske så mykje,men litt samling med eit godt måltid, blei perfekt avsluttning på dagen, før vi fikk oss litt søvn og var klar tidlig neste dag. Igjen for å komme oss ut av byen før varmen tok oss.
Etter litt kluss og kaos der vi mista kvarandre, kom vi oss endelig avgåre igjen. Denne dagen tok vi strakaste veien og køyrde mykje motorvei for å komme fortare fram sidan det var så varmt.Var spesielt når vi etter kvart fikk opp skilt mot Venezia.Tenkje seg til. Min gamle flotte Indian var nært Venezia. En 1941 modell som hadde gått som ei klokke heilt fra Diusburg i Tyskland, var no med meg på toppen i Venezia… Ubeskrivelig!!!! Målet var Jesolo nær Venezia. Her var vi i 3 døgn. Det vart gode dagar, som eg trur vi alle hadde behov for. Her fikk vi god tid til å utforske området. Vi fikk slappa av, vaska litt kle, vandra i byen, bada å kosa oss. Vi fikk også møte eit vennepar av Berhard, Alberto og hans blide fru. Alberto er også ein ihuga Indian fan. Han er eigar av den eine av 25 Indian Chief som var gitt i gave til Sultan av Brunai. Alberto tok oss med på to utflukter om kveldane i området som serverte lokal mat. Blei litt av nokre måltid. Nye minner for livet. Jesolo viste seg fra si beste side. Konkluderte med at vi aldri hadde bada i så høg temperatur i vatnet før.


Etter desse dagane var vi klare for å komme oss på syklane igjen. No skulle vi vidare og etter kvart passere grensa til Østerriket.Var spesielt å køyre gjennom Italiensk landskap å plutselig sjå høge fjell i det fjerne. Snakk om endra landskap. Etter vi passerte grensa blei det en stopp hos Snaidero Micro. Dei lagar kjøttskjeremaskiner som lagar tynne sliser med kjøtt ned i 0,1 mm. Dette er ei familiebedrift med far, sønn og datter og produserer berre ei maskin pr. mnd. Maskinene er reine kunstverk. Far i familien restaurerer også gamle MotoGuzzi. Det blei laga ein prototype av ein sykkel i 1938 kalla Galbusera V8, 2t. Denne blei aldri serieprodusert og prototypen forsvant. Denne har far i bedrifta gjenoppbygd berre med å sjå på bilder. Han brukte 11 år. Sykkelen blei vist og utstilt i 2025. Denne fikk vi sjå, til og med i bruk. Han starta sykkelen å køyrde over jordet…i litt av en fart. Imponerande byggverk !!!!


Turen gikk vidare mot kanskje beste veiene på turen. Opp og ned dei Sveitziske alpane. Det er umulig å beskrive, det må berre opplevast. Monte Croce Carnico-passet var nok en magisk plass. Med masse nye inntrykk ankom vi eit gammalt og ærverdig hotell i Obervellach. Her blei vi mottatt av vennar av Babsi, som tok oss med på middag. Nye gode minner
Neste dag gikk turen over Gerlos Passet.Minner litt om Norge med fjord, fjell å dalar, berre meir dramatisk, å med fantastike og klare fargar. Veiene er berre magiske å virkelig laga for MC turar. Nok en vakker dag, som enda opp på hotell i Innsbruck etter at vi mista kvarandre underveis siste biten, men alle kom fram til slutt. Trur alle kjente på litt sorg denne kvelden. Gjerne fordi vi visste at turen snart var til endes. Denne kvelden tok vi middagen på hotellet.
Nok en dag tidlig opp. Dette var siste dagen før vi skulle tilbake til Sveitz og avslutte turen. Her var det berre å krampenyte. Dagane var fortsatt varme, men litt bedre enn dagane i Italia. Nydelige veier, Sykklane fungerte perfekt, veiene var perfekte, selskapet likedan. Denne dagen køyrde vi vidare i Sveitz med ein tur innom Liechtenstein. En ny opplevelse, verdt eit nytt besøk. Fine veier og ubetalelig utsikt.


Plutselig var vi komt gjennom ny grense og tilbake i Sveits der vi parkerte bilane.
Der blei vi møtt med vertskap som tok imot oss med grillmaten klar.
No kom den store utfordringa. Vi reiste med full bil med to syklar og masse campingutstyr. No skulle vi ha med en ekstra sykkel heim igjen. Altså 3 sykklar i tillegg til pikk og pakk. Spennande…. Utrulig men sant…. gikk det.
Var virkelig vemodig å takke alle for turen å reise i kvar vår retning. Vennskap og minner blei skapt, som ingen kan ta ifra oss. Trur ingen utenom vi som var med forstår kva vi var med på. Av og til trur eg faktisk ikkje ein gang eg forstår det.

Liten info og tillegg:
Med GPS som av og til ikkje fungerte fort nok, medførte det at vi blei ført ut på feil veier. Dette var litt gjenganger kvar dag. Planane var klare med reiserute på plass, men det gikk ikkje alltid etter planen. Blei litt omveier, å vi mista kvarandre nokre gangar der vi måtte vente før alle var samla igjen. I den verste varmen , hadde vi syklar som vart vanskligare å starte. Både bensin og olje koka. Men med felles hjelp gikk alt bra. En sykkel stoppa eine dagen, men det var batteriet som måtte byttast. Så det var fort gjort. Pga litt dårlige veier, hadde vi en sykkel som stoppa fordi coilen løsna pga vibreringa. Dette vart fiksa. En brukerfeil der sykkel blei køyrt med choke, medførte bytte av pluggar. Ellers så fungerte alle Indian syklene perfekt.
Tenk berre det… Eldste sykkelen var ein 1931 modell. Den blei sparka i gang i Duisburg å fungerte som ei klokke heile turen.


Største problemet blei en gammal Harley. Den laga probleme fra første dag. Den tok faktisk fyr to gangar, men vi fikk sløkka det fort så den ikkje tok skader.Der var det daglig problemer med start, få den i gir, mista eksospotte på motorveien. Var stadig ein kamp for å få tak i nye dele for å få gang på den.
Men utan tvil. Turen var ei magisk oppleving utan sidestykke. Alt av opplevelsar, feilkøyring, uhell, varmen …. Ville aldri vore forutan
Å om eg får spørsmålet:- Kva var beste dagen? Då er svaret enkelt.
KVAR EINASTE DAG. DETTE VAR MAGISK 😊

Etter at vi alle hadde reist kvar vår vei, fortsatte eg og Kjetil på nytt eventyr der vi kosa oss og slappa av. Vi hadde god tid, så vi hadde eit par netter i Tyskland før vi tok turen til København der vi fikk eit par dagar med min beste broremann og svigerinne, før vi køyrde over til Sverige med nasen mot neste treff. Norsk Indiantreff på Hunderfossen. Nemelig INDIAN!!!!. Kjekke dagar og kveldar på ein perfekt plass med mykje latter. Ein fin felles-tur med lunsj ved Bjørnstjerne Bjørnsons heim og deretter innom Norsk kjørehistorisk museet.
Ei god helg i lag med fantastiske folk som lagar god stemning rundt seg.
Takk for flott arrangement 😊

Psssst… Som om ikkje vi hadde hatt ein lang nok ferie, snudde vi nasen mot Heimen vår på Sotra . Der blei det utpakking av feriebilen og rett i ny pakking, før vi tok turen til vår andre heim i Montenegro.

Kan en ha en bedre sommar enn det vi har hatt. Vi var innom 12 forskjellige land med Norge. Hadde godt 9 veker med ferie i sol å varme.
UBESKRIVELIG!!!!!

Kjetil og Gro

Norsk Indian Klubb – kjør på rødt!